Kirkevollarven
Storarven frå Olav Kirkevoll – langt på veg grunnlagt på mynt- og frimerkesamlingi til Gullik Kirkevoll – gjev dei tre ervingane, Valdres Folkemuseum, Valdres Historielag og Maihaugen, fleire millionar kroner kvar.
Delen som fall på Valdres historielag vart totalt kr. 2. 293. 898,51. Pengane kom inn på vår konto i Øystre Slidre Sparebank.
På styremøte 17. september 1996 vart 1,5 mill. vedteke plassert i aksjefond, og kr. 400.000 i kombinasjonsfond.
Vedtekter for Olav Kirkevolls minnefond
§ 1
Namnet på fondet skal vera Olav Kirkevolls minnefond.
Fondet er oppretta av årsmøtet i Valdres Historielag 15. mai 1998. Vedtektene er endra på årmøtet 25. mai 2024.
§ 2
Styret for fondet skal vera styret i Valdres Historielag.
§ 3
Grunnlaget for fondet er testamentet som vart opna etter Olav Kirkevoll sin død 25. januar 1995. Testamentet har denne ordlyden:
«Først dekkes begravelsesomkostningene og det skal avsettes et beløp for mitt gravsted i familiegravstedet som dekker faste avgifter/blomster og vedlikehold for 15 år framover.
Valdres Folkemuseum, Fagernes skal ha det jeg etterlater meg av eldre umoderne bruksgjenstander for hus og gardsbruk.
Valdres Historielag, Fagernes skal ha det jeg etterlater meg av skrifter og bøker.
Verdien av alt det øvrige jeg etterlater meg skal deles likt mellom Valdres Folkemuseum, Valdres Historielag og De Sandvikske Samlinger, Maihaugen, Lillehammer.»
Etter realisasjon av fast eigendom, myntar, frimerke og andre eignelutar, vart delen av det som tilfall Valdres Historielag i oktober 1996 plassert i aksjefond (1,5 mill), i kombinasjonsfond (0,4 mill.) og resten i bank.
§ 4
Kapitalen skal plasserast slik at det gjev best mogeleg avkasting.
§ 5
Fondet og avkastinga av dette skal nyttast til å støtte opp under lokalhistorisk arbeid, inklusive folkemusikk og dans. Det kan i eit viss mon brukast av utbyttet til administrative utgifter i Valdres Historielag.
Midlar kan etter søknad gjevast til lokalhistoriske prosjekt og publisering av lokalhistorisk stoff. Minnefondet skal ikkje vera hovudfinansiering av slike tilltak, men syte for delfinansiering av tiltaka.
Det er styret i Valdres Historielag som avgjer storleiken på tilskotet, og vilkåra for dette.
§ 6
Styret i Valdres Historielag syter for at det blir ført rekneskap for inntekter, utgifter og balanse i fondet. Dette blir lagt fram for årsmøtet saman med årsmelding for fondet. Revisor for Valdres Historielag er også revisor for Olav Kirkevolls minnefond.
§ 7
Endringar av vedtektene må godkjennast av årsmøtet med 2/3 fleirtal.
***********************
Vedtekter for Olav Kirkevolls minnefond (frå 15/5-1998 til 25/5-2024)
§ 1
Fondet er oppretta på Årsmøtet 15. mai 1998 ved at desse vedtektene då vart endeleg godkjende. Namnet på fondet skal vera Olav Kirkevolls minnefond.
§ 2
Styret for fondet skal vera styret i Valdres Historielag.
§ 3
Grunnlaget for fondet er testamentet som vart opna etter Olav Kirkevoll sin død 25. januar 1995. Testamentet bar denne ordlyden: «Først dekkes begravelsesomkostningene og der skal avsettes et beløp for mitt gravsted i familiegravstedet som dekker fast avgift/blomster og vedlikehold for 15 år framover.
Valdres Folkemuseum, Fagernes skal ha det jeg etterlater meg av eldre umoderne bruksgjenstander for hus og gårdsbruk.
Valdres Historielag, Fagernes skal ha det jeg etterlater meg av skrifter og bøker. Verdien av alt det øvrige jeg etterlater meg skal deles likt mellom Valdres Folkemuseum, Valdres Historielag og De Sandvikske Samlinger, Maihaugen, Lillehammer.»
Etter realisasjon av faste eigedomar, myntar, frimerker og andre eignelutar, vart medelen i oktober 1996 plassert i aksjefond (1,5 mill), i kombinasjonsfond (O,4 mill) og resten i bank.
§ 4
Fast fondskapital skal vera på kr. 1.250.000,- og haldast på minimum dette nivået i 1996-kroner. Kapitalen skal plasserast slik at han gjev mest mogeleg utbytte. Kapitalen er no plassert i aksjefond.
Basert på historiske fakta og langsiktige estimat, og etter samråd med aksjefondet sin rådgjevar, skal det år om anna takast stilling til storleiken på beløpet som skal disponerast til avsetjingar og tilskot nemnt i § 5.
§ 5
Utbyttet skal nyttast til nødvendig avsetjing til fondskapitalen, og elles brukast til å støtte opp om lokalhistorisk arbeid, inklusive folkemusikk og dans. Og det kan i ein viss mon brukast av utbyttet til administrative utgifter i hovudlaget. Etter kunngjering, skal elles utbyttet brukast til lokalhistoriske prosjekt fremma ved søknad gjennom lokallaga. Søknad om tilskot til regionale tiltak kan sendast styret direkte. Midlar som ikkje blir brukte, skal setjast av til ein fri kapital og nyttast til formålet eit seinare år, eller leggjast til fondskapitalen.
Utgifter til høgt prioriterte tiltak som ein ikkje finn dekning for på annan måte, kan etter førehaving på årsmøtet, belastast den faste kapitalen. Føresetnaden må då vera at ein ved komande årlege avsetjingar fører kapitalen attende til storleiken den skal ha etter § 4.
§ 6.
Styret syter for at det vert ført rekneskap for inntekter, utgifter, gjeld og eige. Dette vert lagt fram på årsmøtet saman med årsmelding.
§ 7
Revisor for Valdres Historielag er også revisor for Olav Kirkevolls minnefond.
§ 8
Endring av vedtektene må godkjennast av årsmøtet med 2/3 fleirtal.