Statuttar for Valdres Bygdebok

1.
Valdres Bygdebok har som føremål å gje ei samla framstelling om soga til valdresbygdene, både ved gards- og æettesoge for kvart herad (parallelle band 1), og politisk, kulturell, kyrkjeleg, sosial, næringsmessig, økonomisk, biografisk og språkleg soge. Bygdebokverket skal såleis både vera eit oppslagsverk for skular og organisasjonar, for politikarar og administrasjon, og opplysingsverk for innbyggjarar og turistar. Verket skal og vera med som del av historisk kartlegging av Noreg.

2.
For å nå føremålet best mogleg vil Valdres Bygdebok også leggje vekt på meir enn reine faktaframstellingar av valdressoga og gards- og slektssoge. Så langt som råd er vil bygdebøkene ta med alle faste bustader, inkludert husmannsplassar og villaer. Biografiar over kjende og sermerkte valdrisar hoyrer inn i soga. Anekdotar, replikkar og hendingar knytte til namngjevne personar bør fylle ut biletet og setja farge på stoffet. For å berge kulturhistoria blir stadnamn skrivne etter nedervd, lokal uttale, og personnamn før midt på 1800-talet ut frå dåverande lokaluttale. Ved stadnamn nyttar me dativ etter vanlege grammatiske reglar der dativ enno er levande i tradisjonen (nord for Garthus og Høljarast).

3.
Valdres Bygdebok blir gjevi ut av Valdres Bygdeboknemnd i samarbeid med Valdres Historielag, band 1 også i samarbeid med kommunane.

4.
Valdres Bygdeboknemnd har felles styre med Valdres Historielag, men i tillegg er ordførarane (eller annan kommunal representant) i Valdres styremedlemer. Fellesstyret er sett saman slik: Formann, kasserar og skriftstyrar valde for eitt ar. Eit styremedlem frå kvar kommune valt for to år, med to varamedlemer valde for eitt år.

5.
Årsmøtet blir haldi saman med Valdres Historielag. Det skal kunngjerast med tre vekors varsel. Framlegg i saker utanom dei vanlege årsmøtesakene må sendast inn seinast to vekor føre møtet.

6.
Lovendringar må ha 2/3 fleirtal. Endringsframlegg må vera levert innan to vekor føre møtet.