Valdres Bygdebok
Valdres Bygdebok er eit bygdeboksverk som skal femne om dei ulike delane av valdressoga i alle dei seks kommunane. Medan Valdres Historielag gjev ut årbok (Tidsskrift frå 1916-1967) med ulike tema, detaljartiklar og stoff frå det reint folkelege til det vitskaplege, skal Valdres Bygdebok prøve å gje eit systematisk og heilsleg oversyn over hovudfelta i valdreshistoria, med tyngdepunkt på grendesoge, gardssoge og slektssoge.

Band 1 av Valdres Bygdebok omfattar gards- og slektshistoria i dei seks kommunane våre, og har til no kome ut med 19 band. Planane går elles ut på utgjeving av eit litteraturband, nokre mindre emne som står att, og registerband, forutan fullføring av den generelle historia i band 3 (tidi etter 1914). Eit band om valdrisane i Amerika er òg drøfta, og eit band om biletkunst nemnt.

Bøkene blir gjevne ut med raud innbinding, i vanleg format (A5), og med bygdeboka sin logo - stavkyrkjelåsen frå Hedalen i stilisert form - på framsida. På gards- og ættesogene er kommunevåpenet nytta på framsida. Kommunane har vore meir eller mindre direkte med som utgjevar, ordførarane er offisielt med i Valdres Bygdeboknemnd.

Historie:

  • Valdres Bygdeboknemnd vart stifta hausten 1922 på Leira, og fyrste formannen var Olaus Islandsmoen. Han døydde i 1949, og Knut Hermundstad tok over. Etter han fylgde Peder Lillebrænd, og frå 1980 har Ivar Aars vori formann
  • Før fyrste band av den ordinære serien kom (band 4 i 1954), hadde Valdres fått desse bygdebøkene:
  • 1914 kom Olaus Islandsmoen: Søre Aurdal og Etnedalen. Noko tilfang til ei bygdesoga um Valdres. Olaf Norlis forlag, 179 sider.
  • 1916 kom Tore Ey: Vang og Slire. Ei nokre or um garadn der og følket, som har but på dei, i dei siste tvo hundre år før 1865. Skrivi på valdresmål, 787 sidor, faksimileutgåve hjå Børsums forlag 1972. Nyutgjeving 1999.
  • 1923 kom Valdres 900-årsskrift 1923, med eit skriftstyre med Olaus Islandsmoen og fleire. 485 sider.
  • 1944 kom ei førebels utgåva av gards- og ættesoge for Valdres, i to band og skriven av arkivar Leif Midthaug. Tittelen var Valdres-soga, sidetal 859.

 

Band 1.
Kommunevis gards- og slektshistorie

    1. Gard og bygd i Etnedal. Band A. Bygdehistorie. Bustader og slekter i Nord-Etnedal. Forfattar: Harald Hvattum, skriftstyrar Ivar Aars. 1989. 452 s. Pris, kr. 350,-.
    2. Gard og bygd i Etnedal. Band B. Bustader og slekter i nørre delen av Bruflat sokn. Forfattar: Harald Hvattum, skriftstyrar Ivar Aars. 1990. 464 s. Pris, kr. 350,-.
    3. Gard og bygd i Etnedal. Band C. Bustader og slekter i sørre delen av Bruflat sokn. Etnedalssongar. Etnedalsbibliografi. Register for band A-C. Forfattar: Harald Hvattum, skriftstyrar Ivar Aars. 1990. 576s. Pris, kr. 350,-. Alle tre band, kr. 900,-.

    4. Gard og bygd i Sør-Aurdal. Band A. Reinli og Vestre Bagn. Forfattar: Jon Ola Gjermundsen, skriftstyrar Ivar Aars. 1987. 730 s. Pris, kr. 300,-.
    5. Gard og bygd i Sør-Aurdal. Band B. Kyrkjebjørgo, Øystre Bagn, Leirskogen, Dølve og Hølera. Forfattar: Jon Ola Gjermundsen, skriftstyrar Ivar Aars. 1988. 743 s. Pris, kr. 300,-.
    6. Gard og bygd i Sør-Aurdal. Bind C. Garthus, Tollevsrud og Strømmen. Forfattar: Jon Ola Gjermundsen, skriftstyrar Ivar Aars. 1990. 403 s. Pris, kr.300,-.
    7. Gard og bygd i Sør-Aurdal. Bind D. Opplaget er utselt ! Hedalen og Vassfaret. Forfattar: Jon Ola Gjermundsen, skriftstyrar Ivar Aars. 1992. 651 s. Pris kr. 300,-. Dette bandet er dessverre utseld.

    8. Gardar og slekter i Vang. Del A. Øye sokn eller Dalen. Vestsida i Vang sokn. Forfattar: Anders Frøholm, skriftstyrar Ivar Aars. 1985. 906 s. Pris, kr. 500,-.
    9. Gardar og slekter i Vang. Del B. Austsida i Vang sokn. Forfattar: Anders Frøholm, skriftstyrar Ivar Aars. 1990. 557 s. Pris, kr. 300,-.
    10. Gardar og slekter i Vang. Del C. Høre sokn. Forfattar: Anders Frøholm, skriftstyrar Ivar Aars. 1991. 463 s. Pris, kr. 300,-.

    11. Gardar og slekter i Vestre Slidre. Band A - Lomen og austsida i Slidre sokn.[Forfattar: Geir Beitrusten,skriftstyrar P.Lillebrænd. 1979. 884 s. Tillegg: Rettingar til "Gardar og slekter i Vestre Slidre", 7 s. Pris, kr. 300,-
    12. .Gardar og slekter i Vestre Slidre. Band B - Slidre sokn, vestsida av Slidrefjorden og Røn sokn. [Forfattar: Geir Beitrusten,skriftstyrar P.Lillebrænd. 1979. 884 s. Tillegg: Rettingar til "Gardar og slekter i Vestre Slidre", 7 s. Pris, kr. 300.

    13. Gardar og slekter i Øystre Slidre. Del A. Hegge og Lidar. Forfattar: Geir Beitrusten, skriftstyrar Ivar Aars. 1987. 439 s. Pris, kr. 300,-. Er utseld
    14. Gardar og slekter i Øystre Slidre. Del B.Volbu og Rogne. Forfattar: Geir Beitrusten, skriftstyrar Ivar Aars. 1987. 438 s. Pris, kr.300,-.. Nokre uinnbundne bøker på lager.

    15. Gardar og slekter i Nord-Aurdal. Del A. Skrautvål sokn (gardsnummera 1-17). Forfattarar: Mona Dalen, Sonja Innselset, Harald Hvattum, Bjørn Gunnar Østgård og Ingar Ranheim; skriftstyrar: Ivar Aars.2005. 655 s. Pris kr. 600,-
    16. Gardar og slekter i Nord-Aurdal. Del B. Skrautvål sokn synna skogen (gardsnummera 18-26 og 27-34). Forfattarar: Harald Hvattum,Mona Dalen, Sonja Innselset, Bjørn Gunnar Østgård og Ingar Ranheim; skriftstyrar: Ivar Aars. 2012. 560 s. Pris kr. 600,-
    17. Gardar og slekter i Nord-Aurdal. Del C. Ulnes sokn (gardsnummera 36-57). Forfattarar: Harald Hvattum. Biletredaktør: Helge Gudheim. Grendekapittel: Jahn Børe Jahnsen. - Deler av gards og slektshistoria byggjer på tidlegare innsamla og dels bearbeidd material frå Mona Dalen, Sonja Innselset, Bjørn Gunnar Østgård og Ingar Ranheim; skriftstyrar: Ivar Aars.2013. 731 s. Pris kr. 600,-
    18. Gardar og slekter i Nord-Aurdal. Del D. Svenes sokn (gardsnummera 58-84). Forfattarar: Harald Hvattum. Biletredaktør: Eirunn Steinsfjord. Grendekapittel: Ivar Aars. - Deler av gards og slektshistoria byggjer på tidlegare innsamla og dels bearbeidd material frå Mona Dalen, Sonja Innselset, Bjørn Gunnar Østgård og Ingar Ranheim; skriftstyrar: Ivar Aars. 2015. 912 s. Pris kr. 600,-
    19. Gardar og slekter i Nord-Aurdal. Del E. Aurdal sokn Pris kr. 600
    20. Gardar og slekter i Nord-Aurdal. Del F. Aurdal sokn Pris kr. 600

Band 2.
Natur, oldtid, målføre, gardsnamn og folk. Skriftstyrar Knut Hermundstad. (1959). 426 s.

Innhald:

    1. Jul Haganæs: Valdres vaknar (dikt).
    2. Knut Hauge: Eventyret om Valdres.
    3. Peder Lillebrænd: Valdres frå geologisk synsstad.
    4. Bjørn Hougen: Valdres i oldtiden.
    5. Olav T. Beito: Valdresmålet.
    6. Johs. Sivesind: Runene i Valdres.
    7. Mikjel Sørlie: Om gardsnamna og den eldste busetnaden i Valdres.
    8. Torstein Høverstad: Folket i Valdres.
    9. Mikkjel Fønhus: Valdreser som dro ut.
      Pris, kr. 100,-.

Band 3.
Fyrste del.
Valdres fram til 1800, Krigen i Valdres 1940 og Elektristiten i Valdres.
Skriftstyrar P. Lillebrænd. 1972. 690 s.

Innhald:

  1. Anders Frøholm: Valdres politiske, kyrkjelege, sosiale og økonomiske soge (til ikring 1800).
  2. Peder Lillebrænd: Krigen i Valdres 1940.
  3. Knut Hermundstad: Elektrisiteten i Valdres.

Pris, granitol kr. 150,-. Skinn kr. 100,-.

Band III Del II
Andre del.
Valdresbygdene si historie frå 1800-1914
ved Harald Hvattum. 2004. 512 s.

Pris for fyrste og andre del tilsaman: Kroner 200,-

Band 4.
Handel, samvirke og samferdsel.
Skriftstyrar Knut Hermundstad. 1954. 540 s.

Innhald:
1. Knut Hermundstad: Riksutsyn over handelen til han vart frigjeven.
2. Knut Hermundstad: Bondehandelen.
3. Knut Hermundstad: Driftehandelen.
4. Knut Hermundstad: Skreppehandelen.
5. Knut Hermundstad: Den eldste landhandelen.
6. Knut Hermundstad: Den nyare landhandelen frå ikr. 1840.
7. Knut Hermundstad: Den kulturelle utvikling av handelen.
8. Knut Hermundstad: Utspørjing av dei eldste Valdres-landhandlarane.
9. Knut Hermundstad: Valdres Handelsstands Forening (V.H.F.) i 60 år, frå 1892-1952.
10. Knut Hermundstad: Valdres-kjøpmenn 1952.
11. Knut Holden: Samvirkelaga i Valdres.
12. Knut Hermundstad: Samvirkelagssstyrarar 1953.
13. Andris Hamre: Bondesamyrket i Valdres.
14. Fleire forfattarar: Samferdsel i Valdres frå dei eldre tider av (om vegar, Valdresbanen, bilferdsla, postverket, telefon og telegraf, skysstell og herberge).

Pris, kr. 100,-.


Band 5.
Næringsvegane.


Fyrste del.
Villdyr og veiding, fiske, turistferdsel, handverk og handverkarar. Skriftstyrar Knut Hermundstad. 1964. 844 s.

Innhald:
1. Knut Hermundstad: Villdyr og veiding.
2. Knut Hermundstad: Fisket.
3. Knut Hermundstad: Turistferdsel.
4. Handverk og handverkarar (fleire forfattarar, om ymse handverk, klede og kvinnehandverk, mannshandverkarar)

Pris, granitol kr. 50,-. Skinn kr. 100,-.

Andre del.
Skriftstyrar Knut Hermundstad. 1964. 639 s.

Innhald:
1. Karin Mellbye Gjesdal: Vevkunst i Valdres.
2. Knut Hermundstad: Valdres-ting på museum utaom Valdres.
3. Sigrid Hamre: Valdres husflitslag.
4. Gullik Kirkevold: Dei viktigaste og mest sjeldne viltvaksande planter i Valdres.
5. Per Tuff: Husdyrbruket i Valdres før og nå.
6. Knut Hermundstad: Stølsbruket.
7. Eirik Fossbråten: Jordbruk, jordbruksreiskap og hagebruk.
8. Olav Moen: 4-H-klubbane i Valdres.
9. Knut Ødegård: Skogbruket i Valdres.
10. Knut Hermundstad: Industri i Valdres.
11. Asbjørn Landmark: Valdres handverkarforening.
12. Kolbjørn Sukke: Byggjeskikkane i Valdres.
13. Asbjørn Landmark: Bygdebrannkassone.
14. Gunnar Skrutvold: Bankar og bankverksemd i Valdres.
15. Gunnar Skrutvold: Bankane i Nord-Aurdal.
16. Eivind Sæteren: Søndre Aurdal Sparebank.
17. Andris Hamre: Vestre Slidre Sparebank.
18. Anders Fossbråten: Etnedal Sparebank.
19. Anders H. Hermundstad: Vang Sparebank.
20. Hans Kiærnet: Christiania Bank og Kreditkasse, Bagn og Fagernes.
21. Haldor Hegge: Øystre Slidre Sparebank.
22. Anne Ødegaard: Kosthald og levevis.

Pris, granitol kr. 50,-. Skinn kr 100,-.

Band 6.
Skule, lag, folkemusikarar og annan kultur.
Skriftstyrar Knut Hermundstad. 1968. 638 s.

Innhald:
1. P.Lillebrænd og Johan Skrindsrud: Valdres skulesoga.
2. Knut Hermundstad og Olav Moe: Folkemusikarar i Valdres.
3. Arne Bjørndal: Slåttemusikken i Valdres.
4. Nils Hovi: Folkedikting i Valdres. Bunden stil.
5. Knut Hermundstad: Valdres-folkeminne i prosastil.
6. Hallvard Dokken: Bladdrift i Valdres.
7. Andres Høyne: Valdres Ungdomslag.
8. Ivar Onstad: Valdres-laga i Oslo.
9. Ottar Opheim: Valdres Sanglag og Valdres Musikklag.
10. Kristelege samskipnader:
11. Knut Hermundstad: Det norske misjonsselskap (NMS)
12. Knut Hermundstad: Norsk Luthersk Misjonssamband.
13. Signe Nes Håre: Santalmisjonen i Valdres.
14. Jon Bonlid: Indremisjonen i Valdres.
15. Knut Hermundstad: Sundagsskulen i Valdres.
16. Ungdomsarbeid i Valdres utanom Valdres ungdomslag (M.Gladhaug: Norges kristelige ungdomsforbund.Kristelege ungdomslag. Ivar Aars: Speiararbeidet i Valdres).
17. Valdrisar på misjonsmarkene (diverse forfattarar).
18. Knut Hermundstad: Sjømannsmisjonen.
19. Knut Hermundstad: Dissentarar.
20. Andres Hamre: Bondelaga og Bonde- og Småbrukarlaga.
21. Marit Robøle Melby: Bondekvinnelaga i Valdres.
22. Kristina Windingstad: Valdres krins av Norges Husmorforbund.
23. Ragnhild Bø Fossbråten: Fråhaldsarbeidet i Valdres.

Pris, granitol kr. 50,-. Skinn kr 100,-.


Band 7.
Valdrestonar.

Forfattar Øystein Gaukstad, skriftstyrar P. Lillebrænd. 1973. 263 s. + notar melodiar
upaginert).

Pris, granitol kr. 50,-. Skinn kr. 100,-.

Band 8.
Valdresidrett.

Band VIII Valdresidrett 1
Fyrste del.

Forfattar Trygve Bjørgo, skriftstyrar Ivar Aars. (Historisk oversyn, idrettslag i Valdres). 1992. 449 s.

Band VIII Valdresidrett 2
Andre del.

Forfattar Trygve Bjørgo, skriftstyrar Ivar Aars. (Idrettsutøvarar, skyttarlag). 1992. 533 s.

Pris for to band kr. 200,- .

Alle bygdebøker (unntatt Band 1) kan tingast frå vår materialforvaltar Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..
Band 1, Gards og slektshistorie, er å få i dei enkelte kommunar.