06.05.2023
Årsmøtet på Tyinkrysset fjellstue samla 17 deltakarar. I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene var det drøftingar om samarbeid med lokallaga, godtgjersle for tillitsvalde, årboka, redaksjon/skriftstyre, vedtektsendringar og omorganisering av styrestruktur. Styret vil få ein god del å ta fatt i. Dei må også få konstituert seg. Me viser til fyldigare referat som vil bli lagt ut seinare.
Her skal me berre få takke dei tre som gjekk ut av styret etter mange trufaste år. Det var leiar Jorunn W. Steinsvoll, nestleiar Ivar Aars og skrivar Gunnar Hauge. Ikkje lett å erstatte nokon av desse, særleg er innsatsen til Ivar formidabel. Han meinte at han kom inn i historielagsarbeid alt i 1966, og han har vore skriftstyrar av årboka heilt sidan 1975. Han avsluttar no gjerninga i sitt nittiande år med å gje ut årgang hundre av Tidsskrift/Årbok.
20230506 142116  20230506 160110  20230506 160557
Jorunn med klubba ho fekk av Magne Hovda          Ivar kan snart nyte pensjonistlivet?                        Gunnar har halde god penn i møteboka.
for å halde styr på alle mannfolka. Lite brukt!
20230506 160815   20230506 161254
Mykje historie desse tre har innabords!                                                                                                          Ingrid og Ivar. Litt meir å sjå til kvarandre
                                                                                                                                                                                framover for desse to?
 
 ****************************
30.04.2023
Me minner om årsmøtet vårt som skal vera i Vang laurdag 6. mai. Frammøte blir ved Øye stavkyrkje kl. 11, der me skal inn og sjå på det nye servicebygget med utstillingar og diverse info om stavkyrkja. Bygget skal offisielt opnast helga etter. Deretter går turen opp i Øvre Dalen til låvemuseet til Aud Kvale. Sjølve årsmøte blir på Tyinkrysset fjellstue.
Dei som abonnerer på "Valdres" kan lesa litt om satsinga ved Øye stavkyrkje her
 
******************************
15.03.2023
Banner II

Valdres Historielag har lenge slite med ei gamal og utdatert heimeside. No har omsider dagen kome då me kan presentere ein ny og forhåpentlegvis meir oppdatert side.

Me har nytta same Nettutviklar som på den forrige sida, Kvisvik Nettutvikling. Her har Tormod vore til stor hjelp med å få på plass det som skal til. I alle fall  er det meste av informasjon på plass, men layouten strevar me litt med. Redigeringsverktøyet er Joomla, og har nokon erfaring med det er det berre å ta kontakt!

Me håpar sida vil gje svar på ein god del om Valdres Historielag, og dei lokale historielaga. Slik i oppstarten er det sikkert ein del maglar, og me ber om tilbakemelding både på rettingar og meir stoff.