Valdres Historielag har lenge slite med ei gamal og utdatert heimeside. No har omsider dagen kome då me kan presentere ein ny og forhåpentlegvis meir oppdatert side.
Me har nytta same Nettutviklar som på den forrige sida, Kvisvik Nettutvikling. Her har Tormod vore til stor hjelp med å få på plass det som skal til. I alle fall er det meste av informasjon på plass, men layouten strevar me litt med. Redigeringsverktøyet er Joomla, og har nokon erfaring med det er det berre å ta kontakt!
Me håpar sida vil gje svar på ein god del om Valdres Historielag, og dei lokale historielaga. Slik i oppstarten er det sikkert ein del maglar, og me ber om tilbakemelding både på rettingar og meir stoff.