Lover for Valdres historielag

§ 1 Formål

Valdres historielag (VH) skal ha til oppgåve å spreie kunnskap om lokalhistoria og folket i Valdres. VH skal verne om fortidsminne og støtte opp om gransking av folkeliv og kultur i gamle dagar. Valdres Historielag skal også vera eit samarbeidsråd for dei frittståande lokale historielaga i Valdres.

§ 2 Lagsverksemd

VH gjev ut Årbok for Valdres Historielag, og skal støtte aktivt opp om bygdebokarbeidet. VH skal legge tilhøva til rette for lokallaga ved spreiing av informasjon og impulsar mellom anna ved å skaffe foredragshaldarar og ved tilskiping av kurs/seminar.

VH er bindeleddet til Landslaget for Lokalhistorie og andre kulturvernorganisasjonar.

Ein gong i året skal styret kalle inn til samrådingsmøte for historielaga, der bygdeboknemnda, skriftstyret og representantar for lokallaga er deltakarar.

§ 3 Tilknyting

VH skal vera medlem av Landslaget for Lokalhistorie, og skal søke impulsar frå andre kulturvernorganisasjonar.

§ 4 Styret

Styret består av sju medlemmer. Formann, skriftstyrar og ein representant frå kvar kommune, der formannen representerer kommunen han er frå. Formannen er på val kvart år. Dei andre styremedlemmene, bortsett frå skriftstyraren, blir valde for to år. To varamedlemmer skal veljast for eitt år. Det skal vera ei valnemnd på tre medlemmer. Kvart medlem skal veljast for tre år, slik at eit medlem er på val kvart år. Kasserar og sekretær skal veljast mellom styremedlemmene av årsmøtet. Skriftstyrar blir vald av årsmøtet etter innstilling frå styret.

§ 5 Skriftstyret

Skriftstyret består av skriftstyrar, formann, sekretær og minst fire medlemmer slik at alle kommunane er representert. Desse blir valde for to år.

§ 6 Årsmøtet

Årsmøtet skal kunngjerast med tre vekers varsel. Den som ynskjer å ta opp saker utanom dei vanlege årsmøtesakene, må sende framlegg innan to veker før møtet.

Dersom det ikkje blir halde årsmøte to år etter kvarandre, kan ei gruppe interesserte – etter vanleg kunngjering – halde møte. Det nye styret overtek rettar og plikter etter det gamle.

§ 7 Lovendringar

Lovendringar må ha 2/3 fleirtal. Endringsframlegg må vera levert innan to veker før årsmøtet.

Vedteke på årsmøtet 1994 på Grønolen Fjellgard