Valdres Historielag

Heimeside|Lokallag|Skrifter|Bygdebok|Register

Vestre Slidre
Tilbake

Kulturminne i Vestre Slidre

Registrerte kulturminne: Nr. 1 - 126, PDF

Gardbergfeltet med Einangsteinen i Vestre Slidre i Valdres

Gardbergfeltet er eit gravfelt på 4-5 km2 som ligg i vakker natur med utsyn mot bygda, Slidrefjorden og Jotunheimen. Gravfeltet er nytta aktivt i 1200 år,- frå år 300 e.Kr. til år 900 e.Kr. Det har budd folk i området i nesten 5000 år. Kulturminnet er mellom dei fremste i Oppland, og har vekt stor fagleg interesse i nasjonal og internasjonal samanhang.

Einangssteinen

Einangsteinen har ein sentral plass i Gardbergfeltet. Dette er Nordens eldste runestein som står på sin opphavelege plass. Med eldre runeteikn står det; "EG, GUDGJEST, RITA RUNEN". I nordisk samanhang kan ein med bakgrunn i dette argumentere for at ein kan studere skriftspråkets opphav i Vestre Slidre og Valdres,- og ikkje i eit av våre mange noverande store bysentra som mange kunne tru.


Innskrifta på Einangssteinen lest ovanfrå og ned:
"Eg, Gudgjest, gjorde runen".

 

 

 

 

 

 

 

  Har du spørsmål så ta kontakt med: kontaktperson  
  Heimeside|Lokallag|Skrifter|Bygdebok|Register