Banner II
 
Valdres Historielag (VH) har som oppgåve å spreie kunnskap om lokalhistoria og folket i Valdres. VH skal verne om fortidsminne og støtte opp om gransking av folkeliv og kultur i gamle dagar. VH skal også vera eit samarbeidsråd for dei frittståande lokale historielaga i Valdres.

Det er lokallag i alle Valdres-kommunane, i nokre faktisk fleire lag. Denne nettsida er laga for å binde medlemmer og andre historisk interesserte litt tettare saman.

Me har også ei Facebookside som har vist seg å engasjere mange. Det fyrste året fekk me over 1000 følgjarar. På denne sida legg me jamleg ut aktuelt og historisk stoff, og mange engasjerer seg med kommentarar og innspel.

O.K.Odegaard

Vestreslidringen Ola Knutsson Ødegaard (1847-1932) tok initiativet til å skipe eit historielag for Valdres i 1915. Andre pinsedag det året (24. mai), vart laget stifta på eit møte på Folkevang på Fagernes. Som midlertidig styre vart O. K. Ødegaard valt som formann, Ole Thorsrud, nestformann, Helge Thune, kasserar og med O. K. Alfstad, K. E. Onstad og G. Klevgaard som styremedlemmer.

Den fyrste generalforsamlinga vart halden same stad 27. februar året etter, der vart styret konstituert og lover vedteke.